Provinsen Aydın Innhaldsliste Historie | Geografi | Økonomi | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...
Provinsen Aydın
tyrkiskTyrkiaEgearregionenDidimKuşadasıthrakiaraneTrallesspartanaranefryganaranejonaranelydaranepersaraneromaraneseldsjukk-trykaraneanatoliske beylikaraydinidarDet osmanske riketManisaİzmirDenizliMuğlaBüyük MenderesAydınfjellaMenteşefjellaEgearhavetBafasjøendistriktDidimKuşadasıMiletosAlindaAlabanda
Provinsen Aydın
Hopp til navigering
Hopp til søk
Aydın | |
Aydın ili | |
region | |
Land | Tyrkia |
---|---|
Region | Egearregionen |
Hovudstad | Aydın |
Areal | 8 007 km² |
Folketal | 989 862 (2010) |
Folketettleik | 124 / km² |
Bilnummer | 09 |
Retningsnummer | 256 |
Wikimedia Commons: Aydın Province | |
Provinsen Aydın (tyrkisk Aydın ili) er ein provins sørvest i Tyrkia, i Egearregionen. Provinshovudstaden er byen Aydın som har kring 150 000 (2000). Andre byar i proginsen er feriebyane Didim og Kuşadası.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Geografi
2.1 Distrikt
3 Økonomi
3.1 Turisme
4 Kjelder
5 Bakgrunnsstoff
Historie |
Aydın vart grunnlagd av dei gamle thrakiarane og var ein gong kalla Tralles. Området ligg i ein jordskjelvssone og byen har vorte bygd og bygd opp att av spartanarane, fryganarane, jonarane, lydarane, persarane og romarane. I 1186 tok seldsjukk-trykarane kontroll over området, etterfølgd av anatoliske beylikar av aydinidar. I denne perioden vart byen kalla Aydın Güzelhisar og vart ein del av Det osmanske riket i 1426.
Geografi |
Naboprovinsane er Manisa i nordaust, İzmir i nord, Denizli i aust, Muğla i sør.
Dei sentrale og vestlege delane av provinsane består av frodige sletter som får vatn av ei av dei største elvane i Egearregionen, Büyük Menderes, med Aydınfjella i nord og Menteşefjella i sør. Vestenden av provinsen ligg kysten av Egearhavet med Bafasjøen. Klimaet er typisk for Egearregionen, særs varmt om sommaren.
Distrikt |
Provinsen Aydın er delt inn i 17 distrikt:
|
|
Økonomi |
Dei største næringane i provinsen er jordbruk og turisme.
Turisme |
Kystbyane Didim og Kuşadası er dei viktigaste feriebyane i provinsen. Kuşadası ligg nær Büyük Menderes Delta nasjonalpark, medan Didim har eit Apollotempel, strender og ligg i nærleiken av ruinane av Miletos frå antikken. Det ligg mange arkeologiske stader i provinsen, som dei gamle kariske byane Alinda og Alabanda.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Aydın Province» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2012.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff |
- Aydın guvernør si offisielle side
- Aydın kommune si offisille side
Provinsar i Tyrkia | ||
---|---|---|
Adana · Adıyaman · Afyonkarahisar · Ağrı · Aksaray · Amasya · Ankara · Antalya · Ardahan · Artvin · Aydın · Balıkesir · Bartın · Batman · Bayburt · Bilecik · Bingöl · Bitlis · Bolu · Burdur · Bursa · Çanakkale · Çankırı · Çorum · Denizli · Diyarbakır · Düzce · Edirne · Elazığ · Erzincan · Erzurum · Eskişehir · Gaziantep · Giresun · Gümüşhane · Hakkâri · Hatay · Iğdır · Isparta · Istanbul · İzmir · Kahramanmaraş · Karabük · Karaman · Kars · Kastamonu · Kayseri · Kilis · Kırıkkale · Kırklareli · Kırşehir · Kocaeli · Konya · Kütahya · Malatya · Manisa · Mardin · Mersin · Muğla · Muş · Nevşehir · Niğde · Ordu · Osmaniye · Rize · Sakarya · Samsun · Şanlıurfa · Siirt · Sinop · Şırnak · Sivas · Tekirdağ · Tokat · Trabzon · Tunceli · Uşak · Van · Yalova · Yozgat · Zonguldak |
Koordinatar:
|
Kategori:
- Provinsen Aydın
(RLQ=window.RLQ||[]).push(function(){mw.config.set({"wgPageParseReport":{"limitreport":{"cputime":"0.372","walltime":"0.489","ppvisitednodes":{"value":2857,"limit":1000000},"ppgeneratednodes":{"value":0,"limit":1500000},"postexpandincludesize":{"value":54903,"limit":2097152},"templateargumentsize":{"value":35399,"limit":2097152},"expansiondepth":{"value":16,"limit":40},"expensivefunctioncount":{"value":2,"limit":500},"unstrip-depth":{"value":0,"limit":20},"unstrip-size":{"value":3,"limit":5000000},"entityaccesscount":{"value":1,"limit":400},"timingprofile":["100.00% 424.047 1 -total"," 54.66% 231.804 1 Mal:Provins_i_Tyrkia"," 53.93% 228.677 1 Mal:Geoboks"," 18.82% 79.788 1 Mal:Provinsar_i_Tyrkia"," 18.50% 78.436 1 Mal:Autoritetsdata"," 18.07% 76.638 1 Mal:Navboks"," 16.94% 71.821 1 Mal:Navboks/kjerne"," 15.04% 63.776 71 Mal:Geoboks_0"," 4.89% 20.739 2 Mal:Geoboks2_liste"," 4.68% 19.837 1 Mal:Geoboks_bilete"]},"scribunto":{"limitreport-timeusage":{"value":"0.031","limit":"10.000"},"limitreport-memusage":{"value":959746,"limit":52428800}},"cachereport":{"origin":"mw1338","timestamp":"20190911034406","ttl":2592000,"transientcontent":false}}});});{"@context":"https://schema.org","@type":"Article","name":"Provinsen Aydu0131n","url":"https://nn.wikipedia.org/wiki/Provinsen_Ayd%C4%B1n","sameAs":"http://www.wikidata.org/entity/Q79846","mainEntity":"http://www.wikidata.org/entity/Q79846","author":{"@type":"Organization","name":"Bidragsytarar til Wikimedia-prosjekta"},"publisher":{"@type":"Organization","name":"Wikimedia Foundation, Inc.","logo":{"@type":"ImageObject","url":"https://www.wikimedia.org/static/images/wmf-hor-googpub.png"}},"datePublished":"2012-08-18T12:24:49Z","dateModified":"2016-03-25T09:29:05Z","image":"https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/9/9f/Aydin_in_Turkey.svg"}(RLQ=window.RLQ||[]).push(function(){mw.config.set({"wgBackendResponseTime":146,"wgHostname":"mw1328"});});